In these Christmas times

Bergen har fått juledrakta på, og samtidig som det blir kaldare pakkar eg meg inn i lag på lag av kle. Jule- og bursdagsgåvene er ferdig handla og treng no berre innpakking og bortgjeving. Om nøyaktig ei veke sit eg heime på Eid, spennklar for alt som har med jul og familie og gjere. Eg kjenner på kroppen at juleferien er vel etterlengta!

Det å ikkje vere heime i førjulstida har vore litt rart, men òg veldig fint. Dei faste tradisjonane fell litt bort, men det er fint å kunne lage sine eigne. Eg og han fine skal setje saman og pynte pepperkakehus, på fredag blir det kanskje ein tur til Åsane, og i dag blir det "Hobbiten: En uventet reise" ved midnatt. Kos!

3 kommentarer

theresekristina

11.12.2012 kl.23:23

Kos deg :)

Oda

12.12.2012 kl.20:47

Åå så koselig !:D

Aleksandra

12.12.2012 kl.22:33

theresekristina: Det skal eg :)

Skriv en ny kommentar

hits