Jag vet inte längre.


Ein kald kveld i slutten av desember. Lufta eg pustar ut er kvit, og eg går opp ei glatt steintrapp. Ver forsiktige i trappa! seier du alltid. Eg er forsiktig. Du slepp meg inn når eg ringer på, og huset er varmt og lyst. 22 grader inne. Minus 1,5 ute. 

Du fortel om gamledager, når ein måtte sitte på med postruta når ein skulle over fjorden. Du draumer deg bort, og eg kan sjå for meg deg som elleve år, barføtt med det største smilet om munnen. 

Du fortel om då farfar fortsatt var i live. Vi lengtar begge to. Sjølv om eg var så lita når eg kyssa han for siste gong. Ni år kansje. 

Tida flyr, mørkret utanfor sluker alt. Eg må heim. Du klemmer meg sånn sju gongar før du puttar noko i jakkelomma mi. Eg er høfleg nok til å takke og la vere å sjå. Eg klemmer deg siste gong, og går ut. Passar på at du blæs ut lyset. 

Det er kaldt. Snøen knirkar under skoa. Men eg er glad. Eg smiler, set meg i bilen og lengtar heim.

I lomma ligg ein femhundrelapp. 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits