Eg vil så mangt!

Eg vil så mangt før eg blir gammal og grå, og som så mange andre har eg laga ei bucket list

Her får de eit lite utdrag!

 

Før eg døyr skal eg:

+ reise på roadtrip i Amerika.

+ skrive og få utgitt ei bok.

+ besøke The Wizarding World of Harry Potter.

+ delta i ein matkrig! 



+ flytte til England.

+ kjøpe mitt eige gamle, vesle, kvite hus og innrede det som eg vil.

+ lære å drikke te på den britiske måten.

+ kjøpe ein Volkswagen Beetle 1971-modell.

+ lære å køyre i bilar der rattet er på høgre side (som i Storbritania).

+ lære å spele gitar og piano.

+ vere i eit planetarium ei heil natt.

+ springe gjennom gata i eit Batman-kostyme.

 

Er det fleire enn eg som har laga ei slik liste? Kva står det på den?

 

3 kommentarer

Charlotte Johansen

01.12.2011 kl.08:22

fine drømmer! you go girl!

Silje

01.12.2011 kl.16:21

Springe gjennom gata i batman- kostyme kan du jo gjere i russetida ;D

Aleksandra

01.12.2011 kl.17:35

Silje: Sant det! Hihi :)

Skriv en ny kommentar

hits