Oppdatering frå Praha!



Her kjem ei lita oppdatering frå Praha! Vi har opplevd mykje spennande og meir skal det bli. Eg kan avsløre at vi har vore i ei kyrkje dekorert av skjelettrestar frå 40 000 mennesker, vore ned i ei gruve og sett ishockeykamp! På biletet over ser dokke skjerfet eg kjøpte før kampen. Vi heia på Slavia Praha, men dei endte opp med å tape 3-5. Jaja, kjekt var det i alle fall. Tysdag skal eg gjere noko eg har sett fram til (ikkje gå på strippeklubb, berre så det er sagt). Kjem tilbake til det seinare.

I kveld har eg og nokon til bestemt oss for å bli att på hotellet mens dei andre drikke seg sanselause. Vi skal blandt anna ta ansiktsmaske og utføre ei veldig etterlengta barbering av leggane!

Tysdag kveld reiser vi frå Praha, og eg reknar med at vi er heime torsdag kveld. Vi snakkast då!

 

2 kommentarer

eikaas

03.10.2011 kl.12:13

åh, hørtes spennande ut! Kos dokke :))

theresekristina

03.10.2011 kl.18:37

Kos deg vidare :)

Skriv en ny kommentar

hits