Hjartesmil; Min favorittblogg



Mariell er forfattaren av bloggen Hjartesmil, som er blitt min favoritt so langt. Ho skriv om kjærleik, kjolar og kaleidoskop, og er nyleg flytta til sjølvaste London! 

Eg har vore so heldig å kunne lese om alt ho har opplevd. Som då ho flytta heilt aleine til Paris, og prosessen ho gjekk gjennom for å kunne utgje Hjartemagasinet.

I tillegg til å vere ein fantastisk skribent (Mariell skriv så fint på nynorsk!) so er ho ein fantastisk fotograf. Berre sjå her:









(Alle bilda tilhøyrer Mariell) Berre eit lite utvalg!

Mariell legg òg ut mange oppskrifter og tips til mat, men eg må innrømme at eg ikkje har prøvd nokon av dei so langt. Det blir nok meir av det når eg flyttar for meg sjølv. 

Dette er ein fantastisk blogg som gjer meg utruleg mykje inspirasjon, og den er verkeleg verd eit lite besøk! Hjartesmil, folkens. Kan ikkje få sagt det nok.

 

 

3 kommentarer

Inee

14.09.2011 kl.18:31

OG det beste av alt; Ho e frå Årdal <3

Sofie marie

15.09.2011 kl.13:25

Fin blogg! :-)

STEM PÅ KRISTOFFER SOM DET NYE LEVERPOSTEI BARNET 2011! DU KAN STEMME HVER ENESTE DAG! :-)

LINK: http://www.seher.no/874959/artikkel/#/bidrag/d/3148288/

theresekristina

15.09.2011 kl.13:50

Ho er fantastisk :)

Skriv en ny kommentar

hits