3 veker går fort



Det er heilt utruleg at eg har allereie tilbragt heile tre veker i vakre Stavanger. Eg har fått oppleve masse spennande ting, og det er med tungt hjarte eg tenker på at det kun er tre veker igjen. Eg har verkeleg blitt glad i denne byen, blitt vand med å bu her, og gått gjennom gatene utan å rote meg bort. 

Eg kjenner at eg helst ville hatt litt meir tid her. Ei veke eller to der eg berre slappar av og ikkje jobbar. Der eg sitt på ein av uteplassane med eit glas kvitvin og berre ser på livet, går gjennom gatene og tar bilder eller solar meg på verandaen.

Heldigvis er det mykje igjen på planen før eg vender nasen heim mot nord. Eg skal få lov å vere med på Matfestivalen, eg skal feire min 'svoger' sin 30 års dag, eg skal på sommarfest med jobben, og ellers arbeide og kose meg. 

Eg har det fantastisk!

 

2 kommentarer

mia

08.07.2011 kl.23:28

re: that sounds really cozy actually! i'm thinkig about doing the same, but with some horror novels & without music, haha :)

have a great weekend you too!

theresekristina

09.07.2011 kl.15:16

Så bra :D

Skriv en ny kommentar

hits