Svar på spørsmålsrunda

Slutten av livet:

- Hvorfor blogger du/hva fikk deg til å begynne? Eg synest heile blogg-opplegget virka spennande, så eg starta min eigen. Hadde ein før denne, men sletta den og lagde ny.

 

- Hva inspirerer deg? Alt mulig. Folk på gata, fine bilder, bloggar, det fine sommarværet.

 

- Si tre ord som beskriver deg. Rar, unik, awesome.

- Y. farge? Lilla

- Y. Klær? Blah. Lika det meste, men er veldig glad i skinny jeans og lause gensere. 

 

- Har du fått bil lappen? Nei, ikkje enda. Skal ta den snart.

 

Everchanging

- Trener du? Ja. Trena turn to gongar i veka.

- Hvordan greier du holde deg så tyynnnn?>-> Høg forbrenning + at eg går veldig mykje til og frå jobb og skule.

- Mottoet ditt? Live, love, laugh!

- 3 ting du liker ved deg selv? Humoren, fantasien og rumpa. Haha

- Om du fikk 4000, hva ville du gjort med dem? Tatovert meg, definitivt! Så ville eg bestilt kle frå Drop Dead og gjett ein del til Unicef.

- Hvor ofte farger du håret, og glatter du det ofte? Eg har ingen fast tid på farging, eg gjer det når det trengs. I det siste har eg slutta med rettetang. Bruka den berre spesielle anledninger.

 

- Favorittfilm, og hvorfor? Lilo & Stitch! Fordi både Lilo og Stitch er rare, ensomme og unike individ som begge blir misforstått. Eg kjente meg veldig igjen i dei når eg var mindre, så den filmen har alltid vore min favoritt. Dessuten er eg veldig glad i romvesen og musikken til Elvis Presley (som er på store delar av soundtracket).


- 3 av bloggene du leser? Oooh, vanskelig. The Giant, Hjartesmil og Keep On Running. Har mange fleire, men dette er favorittane. Ellers les eg dei på vennelista og dei på bloglovin.

- Legg ut mer sanger og outfit? C: Sanger skal det bli meir av, men trur ikkje det blir økt mengde av outfit. Eg er ikkje heilt fan av å legge ut det eg har på meg.

- Bruker du mye tid på pcen? Å, ja! Alt for mykje, faktisk.

 

- Hva gjør du i hverdagene? Skule, jobb, litt lekser, lesing, tv og anna stuff.

 

Charlotte Johansen

- Hva skal du bli når du blir "stor"? Eg har tenkt å utdanne meg som jordmor. Ellers har eg lyst å bli forfatter.

- Hva er din største drøm? :)) Min største drøm er å flytte til Bath i England (arkitekturen er heilt fantastisk!), kjøpe eit gammalt hus litt utafor byen som eg skal pusse opp, og kunne leve som kombinert forfatter og jordmor. Når eg blir eldre og ikkje lenger kan jobbe på sjukehus skal eg åpne min eigen bokkafé og bli eikoselig gammal dame med masse tatoveringar og barnebarn.

 

Oda Taklo

Skriv om din venn Oda Elise Marie Taklo. Oda Elise Marie Taklo er 14 år, men eg tenke på henne som 16. Ho er kjempesøt og har langt blondt hår med masse fine krølla. Oda har verdens beste humor og den mest sjarmerande latteren i verden!

 

Andre:

- Skriv om hvordan det er på vidergående. Eg syns vidaregåande er ganske chill, men det har sikkert noke med det at eg har så mange fritimar (1-2 kvar dag.) Lærestoffet er meir omfattande enn på ungdomsskulen, og tekstane vi må skrive er nokre gongar ganske vanskelege å skrive. Det blir mykje analyser (i norsk) og forklaringar, drøftingar og utgreiingar av ulike tema i andre fag. Eg er ikkje den flittigaste eleven, men eg får no ting gjort.

Miljøet på vår skule er utrulig flott. Det var ein del klikkar og grupper i første klasse, men vi har blitt ein ganske samansveisa gjeng i løpet av dette året. Eg trivast veldig.

 

- Ser du paradise hotel? Nei. Unnskyld meg om eg fornærmar nokon no, men eg synest Paradise Hotel er det verste søppelet på norsk tv.

- Liker du VGS ? Ja, det gjer eg.

- Liker du klassen din på VGS? Jupp. Veldig fin gjeng, det!

- Hvilken linje går du ? Eg går 2. året Allmenn (Studiespesialiserande)

- Er du forelsket? Jaa. Fnis.

- Who is the most awesome girl u know?!  Malene Støylen, of course! My Major Awesomeness! 

 

Én kommentar

Charlotte Johansen

15.05.2011 kl.01:09

finfint svart:)) liker drømmen din, skikkelig koselig!

Skriv en ny kommentar

hits