Oslo 12.-15. juli

Måndag:
Etter 7-8 timar i bil kom vi endelig fram til Oslo i pøsregnet. Eg og Martin fekk det største hotellrommet (yaay!) og vi låg oppe til halv 3 fordi vi fann ut at dei sendte Naruto på en dansk kanal.


Vi budde på Radisson Blu Hotel som ligg 200/300 meter til høgre for Slottet.


Tirsdag:
Shopping i drittvær. Ikkje kjekt. Men noke mykje morsomare var at vi møtte Stian, en fyr Martin og kompisane har snakka en del med. Kjempekoselig gutt/mann/dude. Vi loka rundt i Oslo før vi gikk opp igjen på hotellet for å rette håret. Må sjå fin ut for å henge på Spor 19 og Østbanehallen vettu!
Om kvelden var det middag med familien på Egons, og eg og Martin såg filmane eg kjøpte (9 og Alice in Wonderland) og var ikkje sovna før halv 3.

Onsdag:
Vi fekk fantastisk vær den dagen, og det var kjempevarmt å gå å shoppe. Vi møtte to jenter frå Arendal som Martin kjenner og seinare kom Stian og. Vi satt oss ned på Akershus festning og såg på Oslo Live-festivalen og hørte på musikken. Festninga stengte klokka 5, so då måtte vi flytte oss ned på plenen utafor festivalområdet og då såg vi ingenting. Litt kjipt.
Etter å ha fulgt Arendal-folka på bussen stakk vi på hotellet, for eg fikk svære gnagsår av dei nye Converse-skoa mine. Aldri kan eg lære at eg ikkje skal gå langt med nye sko.
Etter middag på Peppe's stakk eg, Martin og mamma opp til festivalområdet for å høyre In Flames. Dumt at vi ikkje kunne sjå dei når vi stod ute.

Torsdag:
Eg og Martin forsov oss til frokost, so vi fekk berre en halv time å ete på (Eg trenge mykje meir tid, for maten der var kjempegod!)
Vi hadde litt tid før vi skulle sjekke ut, so eg tok en tur opp i 22. etasje. Der var det god utsikt over nesten heile byen.
Turen heim tok nesten 12 timar, men det var fordi vi stoppa og åt og besøkte folk.


Følte meg veldig turist når eg tok dette bildet, so eg tok ikkje noken fleire.




Converse med tynne sålar, og slips som Stian måtte knyte til meg, for eg fekk det ikkje til.
Eg har sikkert kjøpt masse fleire ting som eg ikkje huska.


Fantastiske filmar. Anbefalar 9 dersom du likar Tim Burton dukkefilmar.


Soool <3






Gaaah! Gnagsår!


22. etasjer rett ned..


Eg fann ut at hotellet hadde veldig mange rom..


Solnedgang på Strynefjellet.

Og so var det nokon som ville sjå korleis håret blei sjåande ut.

Det vart ikkje heilt som eg hadde håpt, men eg skal fikse det seinare.

Cya!

3 kommentarer

Silje

16.07.2010 kl.20:02

Hei sveis! Nice! ;D

Aleksandra

16.07.2010 kl.20:11

SiljeLilje: Haha, takk :D

Jens M

17.07.2010 kl.00:15

fin blogg :)

Skriv en ny kommentar

hits